fredag 29. april 2011

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går og fram til di.
Innanfor der er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lengre fram,
var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem,
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bor du.

Så lenge eg veit du vil koma i blandt
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

                          Halldis Moren Vesaas "I ein annan skog", 1955